Oslo SV vil derfor avskaffa det karakterbaserte opptaket i vidaregåande skule, og erstatta det med ein rett til å gå på nærskulen.
Det karakterbaserte opptaket fører til at fleire skular får ei svært homogen elevgruppe. Det går ut over elevar både med gode og mindre gode karakterar. På skular med høge karakterkrav fører det til eit ekstremt prestasjonspress som går ut over mange elevars psykiske helse. Elevar på skular med låge inntakskrav får negative haldningar til skulen forsterka av andre rundt seg. For begge grupper går det ut over læringa. Forsking viser at alle lærer meir av å gå i klassar med eit blanda fagleg nivå.
Skulen er dessutan ein potensielt sentral arena for at vi i Oslo skal integrera oss. Oslo er ein tydeleg delt by på grunn av bustadmønsteret og – politikken, men skulen forsterkar i dag dette problemet framfor å motverka det. Vi veit at det er ein klar samanheng mellom skuleprestasjonar og sosioøkonomisk bakgrunn. Når systemet samlar dei skuleflinke på visse skular og dei som har opplevd lite meistring på andre skular, gjer det at fordommar får sterkare fotfeste.
Karakterbasert opptak skaper også ei oppfatning om at små og store problem kan løysast ved å bytta skule, framfor å ta tak i problema og løysa dei. Inntakssystemet legg i dag til rette for ein shoppingmentalitet som er direkte skadeleg for å skapa gode læringsmiljø. Vi veit at eit godt samarbeid mellom skule og heim er viktig for elevane si læring. Det er opplagt også slik at elevane må vera innstilt på å gjera ein innsats for å oppnå gode resultat. I dag oppfordar systemet til å flykta frå ein skule til ein annan så fort du møter motstand.
God læring krev at eleven sjølv, føresette og nærmiljøet engasjerer seg i skulen sin og samarbeider med lærarar og skuleleiing. Mobbing og trakassering er dessverre heilt reelle problem. Men også mindre utfordringar i skulemiljøet krev eit samarbeid for å bli løyst. SV vil derfor arbeide for eit sterkare band mellom nærmiljøet og skulen.
Oslo SV vil på denne bakgrunnen greia ut alternativ til det karakterbaserte opptaket, og erstatta det med ein rett til å gå på den nærmaste vidaregåande skulen som har den studieretninga eleven ønskjer seg. Vi vil også endra finansieringssystemet slik at stykkprisfinansieringa per elev blir fjerna eller sterkt redusert.
Uttalelse vedtatt av representantskapet i Oslo SV