Tore Syvert Haga

Eg bur i Stjerneblokkveien på Furuset, midt i hjarta av Groruddalen. Eg er ein 31 år gamal gift tobarnsfar med fast jobb i kommunen, og eit brennande engasjement for SV sine verdiar.

Det var rettferd og utjamning som var hovudårsaken til at eg tidleg blei politisk engasjert og meldte meg inn i SU og SV. Eg reagerte på dei store forskjellane, både mellom rike og fattige land, og mellom rike og fattige folk her i Noreg. Miljøvern har òg vore viktig for meg. Det handlar om dei store klimaproblema, men  òg om luftkvalitet og det å ta vare på natur. Når ein er både raud og grøn, er jo SV eit naturleg val.

Bustadpolitisk engasjement

Bustadpolitikk eit spørsmål som engasjerer meg sterkt, og som eg kan mykje om. Eg jobba fyrst med saka i Unge Funksjonshemmede, kor eg utvikla politikk og dreiv påverknadsarbeid i form av høyringssvar og deltaking på møter med stortingspolitikarar.

Bustadspørsmål er òg ein viktig del av utdanninga mi som By- og regionplanleggar, og eg skreiv masteroppgåva mi i 2013 om kommunal sosial bustadpolitikk i ulike norske kommunar. Det gler meg stort at SV for tida jobbar for å løfta bustadpolitikken høgare opp på dagsorden. Bustadpolitikk er eit viktig fordelings- og velferdsspørsmål.

Tidlegare leiar av Ungdom mot EU

Då eg var på min fyrste sommarleir i SU i 2000, blei eg verva til Ungdom mot EU. Etter kvart blei eg veldig aktiv i denne organisasjonen; fyrst lokalt og seinare i landsstyret og sentralstyret. Frå 2007 til 2009 leia eg organisasjonen. Det var eit spennande fulltidsverv som ga mykje erfaring både med organisasjonsarbeid, mediaarbeid og anna politisk arbeid. Eg er nok ikkje like oppdatert på alle detaljane i EU-saken i dag, men er framleis oppteken av EU og EØS-spørsmål.

Innvald i Alna Bydelsutval

I 2015 blei eg vald til medlem av Alna Bydelsutval. Her er eg SV sin gruppeleiar. Sjølv om Arbeidarpartiet har 9 av 15 mandat, opplever SV at me får gjennom ein god del forslag, ved å samarbeida godt og argumentera tydeleg. Det er spanande å få lov til å vera med og påverka lokalsamfunnet i smått og stort.

Kvifor vil eg stå på Stortingslista?

Eg håpar at eg kan tilføra Oslo SV sin valkamp arbeidskapasitet og engasjement. Eg synst det er viktig å framheva den lokale valkampen, ute i lokallaga og bydelane. Det er fyrst og fremst der valkampen blir vunnen og tapt, ikkje på Karl Johan (sjølv om det kan vera kjekt å stå på valboda på Karl Johan òg).

Nokon superdebattant er eg kanskje ikkje, men eg har vore i mange debattar før, og vil gjerne trå til igjen viss det skulle vera naudsynt. Eg har òg mykje erfaring med å skriva pressutspel, kronikkar og debattinnlegg, for å bidra til å spreia god SV-politikk via media.

Groruddalen har ofte vore underrepresentert i SV-samanheng. Dei siste vala har me dessutan gjort det, relativt sett, dårlegare her enn i andre deler av byen. Dette er synd. SV burde ha eit stort potensial her oppe, og vår politikk er til fordel for folk flest både i Groruddalen og andre stadar i byen. Eg har lyst til å vera ein synleg lokal kandidat, både i vår lokale avis og på andre måtar. Me må ikkje la AP få monopol på å representera Groruddalen.

tore.syvert.haga@gmail.com
tlf 95 13 71 71

Erfaring frå SV og SU

Våren 1999 – meldte meg inn i SU.

Arbeidserfaring, eit utval

2013-d.d.: Planavdelingen, Skedsmo kommune: Jobbar med behandling av private reguleringsplanforslag, samt ekspropriasjon, grunnervervsforhandlingar m.m.
2009-2012: Deltidsjobb i Unge Funksjonshemmede. Varierte arbeidsoppgåver i interessepolitisk organisasjon. Informasjonsarbeid, politikkutvikling, prosjektstyring.
2010-12: Sommarjobb, Plan- og bygningsetaten, Oslo kommune. Byggesaksbehandling.

Utdanning

2009-2013 Universitetet for Miljø og Biovitenskap (Ås). Master i By- og Regionalplanlegging.
2003-2006 Universitetet i Oslo. Bachelor i Samfunnsgeografi

Verv / frivillig arbeid utanom SV/SU, eit utval

2000- 2012. Ungdom mot EU. Ulike verv, frå lokallagsnivå til nasjonal leiar.
2010-2012. Nestleiar i Handel og kontorklubben i Unge Funksjonshemmede
2009-2014: Redaksjonsmedlem i ulike tidsskrift: Mål og Makt (Studentmållaget i Oslo), Tuntreet (Studentavisa på Ås), KOTE (Tidskrift om planlegging). Skreiv eigne tekstar, henta inn og redigerte andre sine.
2011-2012: Medlem av representantskapet i OBOS.