Uakseptabel utvikling i Tyrkia

Publisert av: Roman Linneberg Eliassen Publisert: 03. mai 2016
Oppdatert: 03. mai 2016
Lesetid: ca. 3 min
Tyrkia går i ei autoritær retning. Den politiske leiinga strammar inn på stadig meir av fridomen i landet og rommet for kritiske ytringar blir stadig mindre. Dette er uakseptabelt. Den kurdiske sivilbefolkninga blir særleg hardt råka av denne politiske utviklinga, samtidig som dei er offer i dei harde kampane mellom regjeringsstyrkane og PKK. Noreg må seie tydeleg i frå:  Dei tyrkiske styresmaktene må respektere demokratiet og pressefridomen. Kampane med PKK må stoppast og erstattast med ei ny våpenkvile og fredsprosess. Tyrkia må respektere kurdaranes kulturelle og politiske rettar som minoritet i landet.

I fjor sommar brøyt våpenkvila mellom tyrkiske styresmakter og PKK saman. Det har gått kraftig ut over sivile og den fredelege opposisjonen. Søraust i Tyrkia, eit område med mange kurdarar, er hundrevis av sivile blitt drepne i kampane. I fleire byar har langvarige portforbod gitt tøffe forhold for innbyggarane. Dette er ei særs alvorleg utvikling i eit land med ei mørk historie når det kjem til kurdaranes rettar.

For journalistane har arbeidskvardagen blitt vanskelegare, og for mange av dei umogleg. Tyrkia er eit av landa i verda som fengslar flest journalistar. Kritisk journalistikk blir stempla som terrorisme av styresmaktene. I november i fjor blei redaktøren i avisa Cumhuriyet, ei anna av dei største avisene i landet, saman med leiaren av avisas Ankara-kontor, arrestert etter å ha publisert ei sak som hevda at president Erdoğan smugla våpen til islamistiske opprørarar i Syria. No er desse to ute av fengsel, men skuldingane står, og dei risikerer framleis livsvarig straff. Nyleg blei den store, regjeringskritiske avisa Zaman overtatt av dei tyrkiske styresmaktene. Avisa blei over natta gjort om til eit propagandaapparat for AKP-regjeringa. Innstramminga av den tyrkiske pressefridomen har også blitt synleg i Noreg, etter at Aftenpostens journalist Silje Rønning Kampesæther ikkje fekk opphald for å jobbe som journalist i landet.

Den akademiske fridomen har også blitt innskrenka. Etter at 1128 tyrkiske akademikarar i landet skreiv under eit opprop som ba om fred, har fleire av dei blitt tvunge til å seie opp sine stillingar i etterkant. Alle har no blitt tiltalt for å drive propaganda for ein terrororganisasjon og for å fornærme Tyrkia. Det er no godt over 1800 saker på vent i det tyrkiske rettsvesenet som omhandlar fornærmingar av president Erdoğan.

Politiske fridomar er òg komne under åtak. Den tyrkiske regjeringa har tatt til orde for å oppheva den parlamentariske immuniteten. Det er liten tvil om at dette primært vil råka opposisjonspartiet HDP, som mellom anna har målbore mykje av den same kritikken som denne fråsegna.

Samtidig som president Erdoğan strammar grepet, har Tyrkia ei nykkelrolle i fleire internasjonale spørsmål, som flyktningsituasjonen i Europa og arbeidet med å få ein fredsavtale i Syria. Tyrkia har hatt ei problematisk rolle i krigen i Syria, og dei har vist ei større vilje til å slå ned på kurdiske rørsler enn å kjempe mot IS.  Tyrkia har til no tatt i mot fleire millionar syriske flyktningar, ein mykje større del enn dei andre europeiske landa. Det er positivt. Samtidig lever mange av flyktningane i landet under veldig tøffe vilkår. Noreg bør bidra til at flyktninganes rettar i internasjonale konvensjonar blir respektert og at fleire europeiske land tar sin del av ansvaret ved å ta i mot fleire flyktningar enn det er lagt opp til i dag.

Noreg kan ikkje godta at Tyrkia bryt stadig fleire demokratiske spelereglar.  Noreg kan ikkje la flyktningsituasjonen gjere at Europa lukkar auga for det som er ei uakseptabel utvikling når det gjeld demokrati, fred og menneskerettar.

Oslo SV meiner at Noreg bør:

 

Fråsegn vedteken av fylkesstyret i Oslo SV, 21.04 2016