La det tyrkiske demokratiet leve! Slepp Erdoğan fri!

Publisert av: Roman Linneberg Eliassen Publisert: 08. september 2016
Oppdatert: 08. september 2016
Lesetid: ca. 2 min
I solidariet med folket i Tyrkia ønskjer vi at det tyrkiske demokratiet blir styrka med meir openheit og meir ytringsfridom. Dessverre skjer det motsette, skriv Oslo SV i ei fråsegn vedteken i Fylkesstyret 25. august.

Tyrkia avverja 16. juli eit kuppforsøk der blant anna parlamentet vart angripe, og minst 173 sivile, 62 politifolk og 5 soldatar drepne. Alle fire partia i parlamentet fordømte kuppforsøket alt medan det pågjekk, og den breie mønstringa mot kuppforsøket etterpå, viser for alle at folket i Tyrkia ønskjer demokrati. I solidariet med folket i Tyrkia ønskjer vi at det tyrkiske demokratiet blir styrka med meir openheit og meir ytringsfridom. Dessverre skjer det motsette. Etter at unntakstilstand vart utropt 20. juli, har over 76 000 personar mista jobben og over 35 000 er pågripne, mange medium og forlag blir stengde.

Ei av dei siste pågripne er den internasjonalt anerkjende forfattaren og menneskerettskjemparen Aslı Erdoğan, som på bakgrunn av artiklar ho har skrive står tiltalt for “medlemskap i ein væpna terrororganisasjon”. Fengslinga og tiltalen mot henne er eit eksempel på at utreinsingsprosessane i Tyrkia nå rammar langt fleire enn dei som kan mistenkjast for å ha vore involvert i kuppforsøket 15.-16. juli. Når Erdoğan blir knebla, er det eit alvorleg angrep på det tyrkiske demokratiet, og eit uakseptabelt slag mot det tyrkiske folket som nyleg ofra livet i kampen for nettopp det.

Aslı Erdoğan har kjempa for demokrati og menneskerettar i ei årrekkje og vekt interesse for sin stilsikre, prosapoetiske stil og sitt engasjement for dei svakaste. Tre av bøkene hennar er blitt omsette til norsk, den siste av dei Steinbygningen, publisert 2013. I 2011 heldt Erdoğan hovudtalen under Undset-dagane, den største Litteraturfestivalen i Noreg. I 2013 fekk ho Ord i grenseland-prisen i Fredrikstad for skildringane av kvinneleg erfaring i eit fridomsperspektiv.

Erdoğan vart gripen heime i Istanbul natt til onsdag 17. august, dagen etter at avisa og nettpublikasjonen Özgür Gündem vart dømt til å stengje. Redaktørane Zana Bilir Kaya og İnan Kızılkaya blei også gripne og står tiltalte for medlemskap i terrororganisasjon. Rapportar om vald mot Kaya og Kızılkaya og meldingar om at Erdoğan ikkje får dekt sine mest grunnleggjande behov for lufting, mat, vatn og medisinar er urovekkjande. Vi er særleg bekymra for konsekvensane for Erdoğan som er svak frå før.

Oslo SV krev at

 

Fråsegn vedteken av Fylkesstyret i Oslo SV, 25.08 2016.